Som ein del av oppdraget med utgreiing når det gjeld kystkommune, skal Telemarksforsking også sjå på grensejustering på Bryggja. I tillegg fekk Telemarksforsking i oppdrag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane å gjennomføre ei innbyggarundersøking.

Innbyggarundersøkinga er allereie gjennomført i form av Norstat har prøvt å få svar frå så mange som mogeleg av dei 298 personane i stemmeberettiga alder i Bryggja-området som er registrert med fasttelefon eller mobiltelefon.

Telefonundersøking

Undersøkinga har blitt gjennomført ved at innbyggarane i grunnkrinsane Maurstad, Bryggja og Totland har blitt ringt opp for å svare på ei rekkje spørsmål, mellom anna om i kva kommune dei handlar og i kva kommune dei bruker kommunale tenester og kulturtilbod. Dei vart også spurde om kor negative eller positive dei er til at Bryggja blir ein del av nye Stad kommune, og tilsvarande kor negative eller positive dei er til å bli ein del av nye Kinn kommune.

Spørsmåla i innbyggarundersøkinga er utforma i samarbeid mellom Telemarksforsking og Fylkesmannen.

I rapporten om kystkommune beståande av Flora, Bremanger og Vågsøy, vil der vere eit eige kapittel som gjeld grensejustering.

Skal få fram fakta

Det er KMD (Kommunal og moderniseringsdepartementet) som har løyvd 200.000 kroner og gjeve Fylkesmannen i oppdrag å til å skaffe fram fakta om kystkommune og grensejustering, slik at dei kan gjere sine vurderingar og kome med tilråding til departementet.

Skal ut på høyring

Juridisk sjef Anne Karin Eitungjerde er saksansvarleg hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i saka om grensejustering på Bryggja. Ho fortel at dei vil få resultatet frå innbyggarundersøkinga i hende 18. august, og at fristen som Telemarksforsking har fått for å ha klar rapporten om kystkommune er sett til 25. august.

Fylkesmannen vil bearbeide det dei har fått inn av fakta, og sende eit utkast til rapport på høyring til dei berørte kommunane. Dette er planlagt gjennomført i første halvdel av september og med høyringsfrist 20. oktober.

Fylkesmannen sin ambisjon er å sende si tilråding til KMD i midten av november, slik at departementet kan ta si avgjersle om eventuell grensejustering.

– Kor stor vekt vil de i dykkar tilråding legge på resultata av innbyggarundersøkinga?

– Det er ein grunn til at vi spør dei, men viss resultatet til dømes er om lag 50/50, er det vanskeleg å trekke folkemeininga ut av det. Det vi kjem til å gjere er å føreta ei heilskapleg vurdering mellom anna av avstandar og bruk av tenester. Vi vil gjere ei totalvurdering. Innbyggarundersøkinga er viktig, men står ikkje åleine. Vi vil sjå på kva som er hensiktsmessig med tanke på dei kommunane som er vedtekne. Kapittelet om grensejustering i rapporten om Kinn vil vi ta inn i vår vurdering som faktagrunnlag i tillegg til innbyggerundersøkinga, forklarer Eitungjerde.

Fredag 25. august skal Telemarksforsking presentere både resultat frå innbyggarundersøkinga på Bryggja og rapporten om Vågsøy, Bremanger og Florø som kystkommune på eit felles kommunestyremøte for Vågsøy og Flora på Raudeberg.

STAD ELLER KINN: Folket si meining blir vektlagt, men også andre forhold spelar inn i Fylkesmannen si vurdering. Foto: Arkiv