På skulen er det ei grunnleggande klasse som kommunen har ansvar for der det er inntak fortløpande, og EGF-klasser – Eksamensretta grunnskulefag, som er eit samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen med undervisning som fører fram mot 10. klasseeksamen, og såleis klargjering for vidaregåande opplæring. Her er det elevar frå både Eid og Vågsøy.

Integrering

Etter året i EGF-klassa skal elevane søkje inntak på vg1 på lik linje med 10.-klasseelevar. Faga dei har er norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving.

Det er Karl Anders Helset som er rektor for vaksenopplæringa i Eid kommune og som har ansvar for både det kommunale introduksjonsprogrammet for vaksne i LA-bygget og i samarbeid med Eid vgs. Om grunnskuleopplæringa av ungdommane på Eid vgs.

Bjørlo understrekar viktigheita av at dei minoritetsspråklege ungdommane blir ein del av miljøet på skulen. Det er viktig både for fagopplæring og integreringa elles.

Tre nye klasserom

Det er bestemt at Eid vgs. skal få tre nye klasserom i eit tilbygg, men grunnforholda med leire er utfordrande og prosjektet er difor litt forseinka. Ove Bjørlo reknar med at påbygget er klart til neste skulestart.

Treng norsklærar

Det er ca. 60 lærarar ved Eid vgs., og det er ikkje alltid like enkelt å få kabalen til å gå opp når det oppstår sjukdom, personar i permisjon og andre utfordringar.

– Vi hadde alt på plass i sommar, men akkurat no skulle eg hatt ein norsklærar fram til nyttår. Då er det tre som kjem tilbake etter permisjon, fortel rektor Ove Bjørlo.

Nøgd med søkjartala

Bjørlo er nøgd med søkjartala til Eid vgs. At ein som einaste skule i Nordfjord har Design og handverk og Elektrofag gjer at ein ikkje i så stor grad er avhengig av storleiken på avgangskulla ved Eid ungdomsskule, der det er relativt låge elevtal på avgangsklassene også neste år. Ut ifrå prognosane vil tala deretter vil stige.

Det er ein del elevar i Sogn og Fjordane som ikkje har fått tilbod om eitt av dei tre ønska dei har valt. Samstundes er det ein del ledige plassar i fylket. Det er fleire ledige plassar enn det er søkjarar som ikkje har fått ønska tilbod.