Dette synest sjølvsagt sportskoordinator og trenar for Eid sitt A-lag herrar, Dan Jøran Hafsås, er gledeleg.

– I fjor var det rundt 80 deltakarar, medan det i år er 110. Slik vekst er det ikkje mange som opplever på Tine Fotballskule, seier Hafsås.

– Vi kjem nok aldri tilbake til deltakartala frå ti år tilbake, på grunn av at det har kome så enormt mange tilbod å velje mellom, men vi satsar på at fotballskulen skal halde fram å vere eit attraktivt tilbod, seier han.

Besøk frå Sogndal

Tine Fotballskule gjekk over tre dagar denne veka, frå måndag til onsdag. Tysdag var tre representantar frå Sogndal Fotball på plass som instruktørar. Dette var spelarane Christophe Psyché og Ole Amund Sveen, samt klubblegenda Rune Bolseth, som no er trenar for Sogndal 2.

– Deltakarane fekk autografar og fotballkort, og var veldig fornøgde med besøket frå Sogndal. Det er slik som set ein spiss på fotballskulen, seier Dan Jøran Hafsås.

Han vil gje ros til instruktørane, som blant anna var frå Eid sitt A-lag herrar og frå jentelaget.

– Vi har også folk på dugnad som lagar til måltid, og utan dei hadde vi ikkje kunne arrangert fotballskulen, seier Hafsås.

Best med sjokolademelk

Dei tre jentene Malene, Agnes og Selma (sjå bilete) var ikkje i tvil om kva som hadde vore kjekkast på fotballskulen, då Fjordabladet snakka med dei tysdag.

– Vi har leika pang. Det er ein kjekk leik, fortel jentene entusiastisk, medan dei forklarar kva leiken går ut på.

Dei viser fram signerte drakter og sko frå Sogndal-spelarane, og er heilt på linje når det gjeld kva som er det beste med lunsjen.

– Sjokolademjølk er best!

Flest av dei yngste

I år var Tine Fotballskule på Nordfjordeid delt inn i to hovudgrupper. Dei yngste (2005-2010) og dei eldste (2002-2004).

I den yngste gruppa var det 95 deltakarar, medan det var 15 i den eldste. Tilbodet for dei eldste er kalla ”fotball-camp”, for å markere at det reint sportslege blir lagt endå meir vekt på enn blant dei yngre.

Av dei totalt 110 deltakarane på Tine Fotballskule på Nordfjordeid denne veka, var det totalt 31 jenter.

Malene Nes Hjelle (t.v.), Agnes Bjelland Nøstdal og Selma Endal Andersson synest alle at leiken ”pang” er det kjekkaste på Tine Fotballskule. Foto: Yngve Tolaas
Eid-trenar Dan Jøran Hafsås (t.h.) og Sogndal 2-trenar Rune Bolseth. Foto: Yngve Tolaas
Brage Endal Hauge (7 år) klinkar til og blir vinnar av straffesparkkonkurransen. Instruktør Joakim Vedvik held kontrollen. Foto: Yngve Tolaas