Førsteårsklassene på Vg1 er smekkfulle, medan det er nokre få ledige plassar på Vg2. og Vg3.

Ventelistene på tilbod ved Eid vgs. var lange etter 2. opptak, spesielt på Vg1 Studiespesialiserande, Vg1 Elektrofag, Vg1 Teknikk og industriell produksjon og Påbygg til generell studiekompetanse.

Bjørlo fortel at dei aller fleste av desse har fått tilbod om skuleplass andre stader i Nordfjord eller andre stader i fylket på ønska tilbod.

Ein måtte ha mellom 4 og 5 i snittkarakter for å kome inn på Vg1 Elektro.

Auka opp møbelproduksjon

Det er i år ei klasse mindre på Vg1 Teknikk og industriell produksjon, ei klasse mindre på Vg1 Studiespesialiserande, men ei klasse ekstra på Vg3 elektro/automasjon. I tillegg måtte skulen i sommar auke opp frå seks til 12 plassar på det landsdekkande tilbodet Vg2 Industriell møbelproduksjon. Der var det ein god del søkjarar utanfrå fylket, og ein måtte auke opp for å få plass også til dei frå Sogn og Fjordane.