Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å greie ut om det er grunnlag for grensejustering for området Bryggja i Vågsøy kommune. I samband med dette har Telemarksforsking gjennomført ei innbyggjarundersøking på telefon for å få fram innbyggjarane si tilknyting til kommunane i området.

195 personar av dei som vart oppringte svarte, og dette gir ein svarprosent på 65. Dei som har svart er rimeleg representative for befolkninga på Bryggja ut frå aldersfordeling og kjønn.

Undersøkinga viser at 79 % er positive til å bli ein del av Stad kommune, og at 84 % er negative til å bli ein del av Kinn kommune. Ut frå spreiinga på skalaen som er nytta, er det ein relativt stor del som er tydelege på kva dei meiner. 52 % er svært positive til å bli ein del av Stad, medan 61 % er svært negative til å bli ein del av Kinn.

Elles viser undersøkinga at 55 % jobbar i Vågsøy kommune, 24 % pendlar til Eid. Det er relativt stor handel utanfor kommunen mellom dei som bur på Bryggja, 49 % handlar utanfor kommunen kvar veke eller oftare. 90 % av dei som handlar utanfor kommunen handlar vanlegvis i Eid. Bruken av kommunale tenester og kultur- og fritidstilbod som ikkje skjer i Vågsøy kommune, skjer også i all hovudsak i Eid.

Fylkesmannen ventar ytterlegare faktagrunnlag om Bryggja i rapporten som Telemarksforsking skal levere 25. august. Denne rapporten gjeld oppdraget som KMD har gitt Fylkesmannen om ein nærare gjennomgang av kommunestrukturen for Vågsøy, Bremanger og Flora. Etter det vil Fylkesmannen utarbeide ein førebels rapport om Bryggja som blir send til dei involverte kommunane på høyring i september/oktober.

Fylkesmannen tek sikte på å sende tilråding til departementet i midten av november. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek avgjerd i saka.