Bjørlo peikar på at eit så tydeleg resultat frå innbyggerundersøkinga gjer det enklare for Fylkesmannen å gje si tilråding. Det hadde vore vanskelegare om folkemeininga hadde vore delt på midten.

Ordføraren seier til Fjordabladet at folket på Bryggja er velkomne med i Stad kommune, og han er overtydd om at nye Stad kommune vil kunne gje eit godt tenestetilbod også til innbyggjarane der.

Det første møte i fellesnemnda for Stad kommune skal vere komande torsdag. Då skal nemnda konstituere seg, og alt tyder på at Eid-rådmann Åslaug Krogsæter vil bli tilsett som prosjektleiar.

På møtet vil også Bryggja si rolle bli drøfta, det har vore snakk om at ein representant derifrå skal få observasjonsstatus i nemnda.

Sjølv om folkemeininga no er klar, vil det ta noko tid før det er teke formell avgjerd om Bryggja si framtid. Fylkesmannen skal kome med ei tilråding, og departementet skal ta endeleg avgjerd.