Dette melder Fjord 1. Her heiter det at ekstraproduksjon med to ferjer på sambandet gjeld ut komande fredag. Det blir ordinær ruteproduksjon med ei ferje frå laurdag.

Ekstraferja på sambandet vart sett inn då Fylkesveg 60 vart stengt på grunn av flaumen i Utvik. Statens vegvesen melder at innan utgangen av denne veka skal vogntog kunne køyre gjennom Utvik med leidebil. Det vil vere nattope over Utvikfjellet frå komande måndag. Den endelege opninga av vegen er sett til 20. septbember.