Omkøyringsvegen i Utvik blir opna for tyngre køyretøy frå i morgon kl. 16.00.

-Det blir kolonnekøyring for alle køyretøy frå i morgon klokka 16.00. Dei siste utbetringane på omkøyringsvegen vert gjort no, slik at me kan sleppe endå større køyretøy gjennom, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har jobba for å utvide passeringa forbi det flaumskadde partiet på fv. 60 i Utvik til å gjelde også tyngre køyretøy. Men først måtte ein kome lenger i anleggsarbeidet på plassen, og ein måtte få oversikt over og reparere skader fleire stader på vegen over Utvikfjellet, slik at det blir trygt for tyngre bilar å køyre over.

Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og ledebil. Omkøyringsvegen blir døgnopen, men me oppmodar tungtrafikken til å ikkje køyre om natta grunna sjenanse for dei private bustadene ein passerar tett forbi.

Planen er fortsatt å opne repaprert fv. 60 gjennom Utvik for trafikk rundt 20. september.

Frå laurdag vil ferjesambandet E39 Anda - Lote igjen bli trafikkert med ei ferje.

-Me vil rose Fjord1 som var raskt på plass med ekstraferje og har trafikkert sambandet med to ferjer i perioden med stenging og redusert framkomst over Utvik, seier Svenn Finden.