Rettleiaren er utarbeidd av Riksantikvaren, og skal sørgje for at vi får ei sams forvalting etter dagens lovverk. Han seier ein god del om kvar private kan hente relevant informasjon om metallsøking, kvar det er lov å metallsøke, og kvar det ikkje er lov.

Rettleiaren viser til gjeldande lovverk og forklarer ulike omgrep som automatisk freda kulturminne, sikringssone, lause kulturminne, områdefredingar, utførsel og innførsel av lause kulturminne med meir.

Reglar for behandling og innlevering

Før ein går i gang med metallsøk, er det veldig viktig at det alltid ligg føre eit samtykke frå grunneigar. Rettleiaren forklarer skilnaden på søk i utmark og innmark, og gir fleire nyttige tips som alle metallsøkarar bør kjenne til om det dukkar opp automatisk freda gjenstandar.

Det er eigne retningsliner for korleis slike gjenstandar skal behandlast og leverast inn, og det ligg eit eige funnskjema ved rettleiaren.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ber alle som har ein metallsøkar, eller som vurderer å skaffe seg ein slik, om å lese gjennom rettleiaren. Fylkeskommunen oppmodar om å ta kontakt om du har spørsmål.