Kommuneplanen som vart vedteken i 2015 skal allereie no rullerast for Haugen krins, og Haugen og Dalen bygdeutviingslag har kome med forslag om nye bustadområde i Haugen krins.

Ikkje kontakt

– Eg tykkjer det er positivt at kommunen skriv til grunneigarane på eit tidleg tidspunkt. Eg har ikkje vore kjend med at bygdeutviklingslaget ønskjer å nytte min eigedom til busadutbygging før brevet frå kommunen kom. Eg ser at tidlegare korrespondanse mellom bygdeutviklingslaget og kommunen at det vert hevda at eg har vore invitert til møte med laget for å få informasjon. Eg vil påpeike at så ikkje er tilfelle. Eg har aldri mottatt nokon invitasjon eller hatt dialog med laget på andre måtar om dette.

Bygdeutviklingslaget har mellom anna peika ut to område som ligg på garden.

– Eg vil påpeike at dette er eit flatt og lettdrive jordstykke. Det ligg nært driftsbygninga mi og ligg også nær Hjalma Samdrift som disponerer denne jorda i si drift. Eg ser på denne jorda som svært verdifull i mi drift. Den er lettdriven, gjev gode avlingar og ligg nært fjøsane, skriv Reksnes til kommunen om det eine området.

Store investeringar

– Eg har sidan eg starta som bonde i 1996 investert mange millionar kroner i gardsdrifta. I 2008 vart det satsa stort på mjølkeproduksjon. Hjalma Samdrift som eg er ein del av i lag med fire andre var starta opp og er ein av dei største driftseiningane innan mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane, påpeikar han. Reksnes skriv at nedbygging av dyrka mark rundt gardstunet er svært negativt for dei planane han har framover for å utvikle gardsdrifta.