Nye skulesekkar og penal er innkjøpt, og Severin Nes Hjelle (5 1/2), Sverre Hopland Johnsen (6) og Katrine Lefdal (6) er spenn klare til begynne på skulen.

Dei har gått saman i barnehage sidan dei var eittåringar – først i familiebarnehage, deretter i Gjerdane barnehage. Etter ei god sommarferie er det skulekvardagen som ventar.

– Det er litt sommarfuglar i magen, innrømmer dei.

– Eg kan både lese og skrive, på ein måte, fortel Sverre.

– Men på skulen skal vi lære endå meir, meiner Severin.

– Vi gleder oss i alle fall til å vere på datarommet, der skal vi skrive, fortel dei.

Sov med sekken

Ved Hjelle skule vert det åtte førsteklassingar, fire jenter og fire gutar. Nokre har blitt seks år, andre blir det snart. Katrine og Sverre har allereie mista tenner, medan Severin ventar på at det skal skje.

– Men eg har i alle fall skaffa sekk. Den hadde eg med opp i senga i natt, og då sov eg ekstra godt, hevdar Severin.

– Eg velja heilt sjølv kva sekk eg skulle ha, fortel Katrine.

Dei trur alle at dei skal klare å sitte i ro når dei begynner på skulen.

– Og så vert det spennande å få nye vennar, meiner dei, som ikkje kjenner alle som kjem i klassa.

Men dei veit i alle fall at på skulen så har ein nistepakke.

– Der vil eg helst ha pølse, seier Severin.

– Eg vil ha hamburgar på nista, meiner Sverre.

– Og så veit vi at vi får mjølk, fortel dei.

– Ja, mjølka kjem frå mjølkerommet, og den vert mjølka frå kyrne. Frå sauene kjem det ull, så vi får ullklede, fortel ein ordrapp Severin.

Skuleveg

Korleis dei skal kome seg til og frå skulen er ulik. Severin skal ta taxi, medan Katrine skal gå.

– Eg trur eg skal sitte på med ein kompis til storebroren min. Han kan i alle fall å køyre, fortel Sverre. Han har storebror på vidaregåande skule, og to sysken på Hjelle skule.

Også Severin har to sysken på Hjelle skule, og ein storebror på Eid ungdomsskule. Katrine derimot er førstemann ut i familien.

– Eg har Sverre og Severin til å passe på meg, meiner ho.

Førsteklassingar: Nye penal og skulesekkar er innkjøpt, og Katrine, Severin og Sverre er spenn klare til å lære meir om bokstavar og tal. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Skulestart: På veggen til Hjelle skule står fine huskereglar for alle; vis ansvar, omsorg og respekt. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes