Åtte fleire elevar er det ved Nordfjordeid skule denne hausten. Ved skulestart i fjor var det 326, og tala viser at det har vore jamn vekst kvart år. På fem år har det vore ein auke på 45 elevar ved Nordfjordeid skule.

Måndag er det 47 elevar som startar i 1. klasse. 2. klasse er det også 47 elevar, 3. klasse 53 elevar, 4. klasse 49 elevar, 5. klasse 46 elevar, 6. klasse 48 elevar og 7. klasse 44 elevar.

– Det er alltid flytting av elevar i løpet av sommarferien. Sjølv om det berre er ei veke til skulestart kan det framleis verte nokre endringar. Det er heilt vanleg, seier kommunalsjef Harald Sivertsen.