Generalforsamlinga vedtok å be aksjonærane om eit mellombels likviditetslån på 1.000.000 kroner for straksutbetaling, og som vert betalt tilbake når moms vert refundert.

Aksjonærane Lefdal Invest og Cruise Venture bekrefta at slikt aksjonærlån vil bli gitt i forhold til sin eigardel og at dei i tillegg dekkjer Eid kommune sin aksjedel.

Mangla 900.000 kroner

Av protokollen går det fram at årsaka til at selskapet treng eit likviditetslån er fordi moms på prosjektkostnader i mai-juni først vert refundert medio august og moms på prosjektkostnader juli-august først vert refundert i oktober, så manglar selskapet 900.000 kroner ved utgangen av juli, som er berekna redusert til om lag 300.000 kroner når momsen er refundert i midten av august og resten når moms vert refundert i midten av oktober. Selskapet reknar deretter med å ha 950.000 kroner i likviditet, som ein meiner er tilstrekkeleg til inntektene kjem i neste sesong.

Styreleiar orienterte om problema med å få eit selskap utan inntekter momsregistrert.

Generalforsamlinga tok til vitande at prosjektrekneskapen viser 23.585.000 kroner inkludert drift, mot budsjett på 22.550.000 kroner eksklusiv drift.

Generalforsamlinga vedtok at selskapet ikkje skal tilsetje nokon dagleg leiar. Styret inngår ein avtale med Lefdal Invest AS om bokføring og ein avtale med Nordfjord Service Terminal AS om drift og vedlikehald av Seawalken.

Generalforsamlinga vedtok å auke kompensasjonen til Cruise Venture for opplæring til 210.000 kroner.

Generalforsamlinga vedtok vidare at styreleiar sitt honorar frå 2016 til 30. juni 2017 skal vere 100.000 kroner, samt 10.000 kroner per månad deretter med mindre det skjer noko ekstraordinært.

Starheim ut av styret

Økonomisjef Ole Starheim, som har representert Eid kommune, gjekk ut av styret. Det nye styret består av styreleiar Robert Monsen og styremedlemmene Ole Heggehim og John Olav Lefdal.

Alle aksjonærane var representerte på den ekstraordinære generalforsamlinga. Cruise Venture AS representert v/Arthur Kordt har 335.000 aksjar, Lefdal Invest AS v/ John Olav Lefdal har 425.000 aksjar og Eid kommune v/ Alfred Bjørlo har 240.000 aksjar.