Kritikken gjeld først og fremst utfylling i strandsona og tilretteleggeing for cruise-turisme, med tanke på Venstre sitt ry som naturvern- og miljøvernparti.

– Eg kan skjøne at nokre vil tenke at dette er det motsette av Venstre-politikk, men det vil eg hevde er fordi dei ikkje har heilt oversikta over kva Venstre eigentleg står for, seier Bjørlo.

Når det gjeld utfylling i strandsona seier Eid-ordføraren dette:

– Det å samle handel i eitt område er i seg sjølv miljøvennleg. Dessutan er det eit viktig grep for å bevare landbruksjord, noko Fylkesmannen nominerte Eid kommune til nasjonal jordvernpris for.

Teknologi-skifte

Bjørlo nektar ikkje for at dagens cruise-turisme fører til forureining, men meiner det er feil strategi å melde seg ut av det denne næringa kan bety for utvikling.

– Eit ekstremt miljøparti vil tenke slik, ikkje Venstre. Her handlar det om eit teknologi-skifte som er på gang, og då blir det feil å melde seg ut, meiner Bjørlo, som også vil understreke av Venstre ikkje er mot bilen som transportmiddel.

– For oss i distrikta er det håplaust utan bil. Her er det stor forskjell på Venstre og Miljøpartiet dei Grøne. Medan vi ser på teknologi-skifte som løysinga, er dei imot både bilen og skipa. Det meiner vi er direkte næringsfiendtleg, seier Bjørlo.

Intervjua i Klassekampen

Det var i eit intervju i Klassekampen i byrjinga av august at Bjørlo kom med rimeleg krass kritikk av Venstre nasjonalt.

– Vi har blitt for smale, og det blir for mykje symbolsaker innanfor innvandring eller tekniske saker på miljøfeltet. Eg er Venstre-mann fordi eg vil skape gode lokalsamfunn, ikkje fordi eg er oppteken av proffboksing og vasscooter, svara Bjørlo på direkte spørsmål om linja Venstre nasjonalt har ført dei siste åra.

– Betyr dette at du har politiske ambisjonar på nasjonalt nivå?

– He, he. Nei, det gjer det ikkje. Eg vart oppringt av Klassekampen, og svara berre på spørsmåla, understrekar Bjørlo, som står fast på at han mest sannsynleg vil trappe ned som lokalpolitikar etter denne perioden.

– Eg står fast på at åtte år er lenge i ein slik jobb, men ein veit jo aldri sikkert, seier han.