Norge har opplevd ein stor vekst av utanlandske turistar dei siste åra, og mykje tyder på at norsk reiseliv går mot ein ny rekordsommar.

– Vi må auke potten til nasjonale turstiar betrakteleg slik at vi er klar til å ta imot den auka turiststraumen, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.

Ho møter klima- og miljøminister Vidar Helgesen under Arendalsuka som går av stabelen i dag. Saman med fleire store aktørar innan reiselivet vil ho overrekke eit vegkart «Mot et bærekraftig reiseliv» der reiselivet har staka ut ein kurs for korleis Norge skal bli eitt av verdas mest berekraftige reisemål innan 2030.

Eitt av tiltaka som vert trekt fram er å auke potten til nasjonale turstiar. NHO Reiseliv-direktøren er klar på at det vil vere heilt nødvendig å utvide ordninga betrakteleg, viss Norge skal vere rusta til å ta imot den auka turiststraumen.