Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ber rådmann Åslaug Krogsæter om å gjere ei ny vurdering av spørsmålet om kommunal overtaking av forvaltingsansvar for verneområde og at saka vert lagt fram for ny politisk handsaming, sett i lys av at Eid kommune no har større kapasitet og kompetanse enn då saka sist vart handsama i 2015.

– Generelt sett bør Eid kommune vere positive til å overta oppgåver frå staten som gjer at avgjerder kan takast nærare dei det vedkjem, meiner ordføraren.

Bakgrunnen for saka er at Eid kommune i desember 2014 fekk tilbod frå Miljødirektoratet om å overta forvaltingsansvar for verneområde som i dag vert forvalta av Fylkesmannen. For Eid kommune gjeld dette i praksis to naturreservat: Åsane i Hennebygda og Lindvik.

Eid kommune avslo i april 2015 tilbodet, fordi kommunen på det tidspunktet ikkje hadde nødvendig kapasitet og kompetanse. Etter dette har Eid oppretta eit felles landbrukskontor med Gloppen, og med det fått eit større fagmiljø med meir kapasitet og kompetanse. Gloppen kommune har i dag forvaltingsansvaret for verneområda i sin kommune, og Bjørlo tek til orde for ny vurdering når det gjeld verneområda i Eid kommune.

Dette var forøvrig eitt av innspela som ordføraren fekk då han hadde utekontor i sommar.