Statens vegvesen har i dag gjennomført tungbilkontroll på Kjøs der dei mellom anna sjekka køyre- og kviletid, vekt og bilbeltebruk.

Eitt vogntog hadde så store manglar med bremsane at køyretøyet måtte på verkstad før han kunne køyre vidare.

Ein bilførar vart meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane og må gjennomføre ein 45-timars vekeskvil før han får køyre vidare.

Fire køyretøy fekk bruksforbod, og måtte fjerne gjenstandar i frontvindu før vidare køyring.

Ein lastebil hadde overlast på framakslingen. Vedkomande måtte laste om før vidare køyring.

Tre sjåførar fekk åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletidsregelverket.

Det vart skrive ut eitt bombrikkegebyr på 8000 kroner og eitt  vognkortgebyr på 500 kroner.

Under ein kontroll i går vart to sjåførar meldte for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Den eine sjåføren hadde brot på døgnkvil og den andre sjåføren køyrde på ein annan sjåfør sitt sjåførkort.

I tillegg vart ein sjåfør pålagt å sikre lasta si før vidare køyring, og eitt køyretøy vart avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll.