Ho er djupt bekymra over konsekvensane av den auka trafikken på fylkesvegen mellom Nor bru og Skipenes bru.

– På fylkesveg 60 over Utvik er det no kollonekøyring for køyretøy under 3.500 tonn delar av døgnet og kan bli stengt igjen i periodar, påpeikar ho. Som følgje av stengt Utvikfjell kjem mykje trafikk gjennom Eid, og med GPS i bilane vert kortaste veg valt – på sørsida av Eidselva.

Alarm om skuleveg

– Vi i Eid Venstre er bekymra for trafikksituasjonen for skulebarn på fylkesvegen frå Nor bru til Skipenes bru. Der er barn som skal til Hjelle skule, medan andre skal til Nordfjordeid skule, fortel ho.

Ho har sjølv køyrt strekinga på sørsida, og er sjokkert over mengda køyretøy ho møtte.

– Brått dukkar der opp traiklarar og utanlandsk turistbussar også, fortel ho.

– Der er 80-sone og talet på køyretøy er no mangedobla. Det viser tydeleg at det blir køyrt med GPS, og då er det kortaste vegen nå ein skal frå indre Nordfjord og vidare til Lote eller motsett. Vegen er ikkje dimensjonert til den trafikken, og heller ikkje for tungtrafikk, påpeikar ho.

Strakstiltak

Vegstenginga i Utvik er førespegla å vare ut i september.

– Skulane begynner 21. august, og vi i Venstre ønskjer strakstiltak medan oppbygginga av Utvik går føre seg, seier ho.

Aktuelle tiltak kan vere å få skilta vekk gjennomgangstrafikken, redusere fartsgrensa på strekninga og sette inn skuleskyss for elevane.

– Vi håpar dette kan vere på plass til skulestart, for vi må få vekk stortrafikken frå sørsida. Vi ber om strakstiltak, for det kan ikkje halde fram slik. Kan vi gjere noko no så må vi gjere det, seier ho. Ohrvik Olsen har no sendt bekymringsmelding til Eid kommune.

– Vi tar fatt i dette, og kjem til å vurdere saka. Vi må kontakte fylkeskommunen. Det er deira veg, og så må vi høyre med ei om det er mogleg å sette ned fartsgrensa, seier kommunalsjef Elin Leikanger i Eid kommune.