I sommar har det vore og er ustabile luftmassar over store delar av landet. Slike situasjonar fører ofte til kraftige lokale byger, med fare for flaum og jordskred, som i Utvik og Breim 24. juli.

Når det er venta byer med kraftig nedbør i eit område, vert det varsla i form av OBS-varsel frå Meterologisk institutt i samarbeid med NVE. OBS-varselet vert publisert både på yr.no og varsom.no. Det informerer om at det er fare for lokal overfløyming, overvatn i tettbygde omårde, vann på avvege, endringar i bekker og elveløp og auka skredfare.

NVE trur at det er av verdi å verte gjort merksam på vêrsituasjonar som har eit potensial for kraftige byer.

Varmare og våtare

I framtida er klimaet venta å bli varmare, våtare og villare. Meir nedbør og ekstremvêr kan gi både store og langvarige konsekvensar for både miljø og samfunn. Korleis ein handterer dette vert tema under nasjonal klimakonferanse i Sogndal 29. -31. august. Konferansen er eit samarbeid mellom NVE, Statens vegvesen, fylkeskommunen, Vestlandsforsking, Innovasjon Norge og Høgskulen på Vestlandet.