Om knapt tre timar er det klart for premieren på musikalen Årringar. Frå Eid er dei to søstrene Ida og Elsa med som skodespelarar og dansarar.

Dei har bak seg eit par veker med øving, og gler seg til å stå på scena for å vise litt av korleis livet var for over hundre år sidan. I den tida før alle våre moderne hjelpemiddel blei tekne i bruk.

–Dei hadde ikkje mobiltelefon eller fjernsyn. Livet var nok meir utfordrande for over hundre år sidan. Men kanskje dei var litt flinkare til å besøkje kvarandre og snakke med kvarandre. I dag er vi blitt veldig avhengige av mobiltelefonen, seier Ida.

I eit par hektiske veker har søskenparet Ida og Elsa Bredesen frå Eid levd seg inn korleis livet var i ei lita bygd i Nordfjord for over hundre år sidan. Den gongen barndomen var annleis, kampen for det daglege brød stod i fokus og mange leita etter eit betre liv.

Musikalen Årringar på Sagedammen er klar for premiere og så blir det ny framsyning på søndag. Eit blikk inn i korleis livsvegen kunne vere før Norge kom ut av fattigdommen. Slit og arbeid for over hundre år sidan, men også glede, kjærleik og gode stunder. Og korleis opplever dei to jentene livet slik det var før? Var det berre slit og tunge tak, eller var det kvalitetar som er blitt borte?

Lærerikt og kjekt

–Trur ikkje eg kunne tenkt meg å leve for over hundre år sidan. Det var nok slik at barna måtte arbeide mykje og hadde ikkje så mykje tid til fritid. I skodespelet måtte vi bruke mykje tid til å vaske kleda til bonden. Det var tungt arbeid og ganske kaldt vatn. Men det kan og hende at barna i dag kunne bruke litt meir tid til å arbeide og kanskje hjelpe meir til heime. Ein lærer noko ved å arbeide og så kan det vere ganske kjekt. I dag brukar vi mykje tid med mobilen. Det er kjekt med mobil, men kanskje vi kunne bruke til meir av den tida til å hjelpe til heime til dømes, seier Elsa som fekk lyst til å vere med på Årringar etter ho var publikum då Ida var med for to år sidan. Og også storesøster Ida har reflektert over livet i gamle dagar, samanlikna med slik det er i dag.

Snakka med kvarandre

–For hundre år sidan måtte folk besøkje kvarandre for å kommunisere. I dag skjer mykje gjennom facebook og sosiale media. Litt av den gode kommunikasjonen blir kanskje borte når vi berre skal skrive meldingar og legge ut bilde. Nyansar slik som kroppspråk mellom menneske blir det då ikkje så mykje plass til. Kanskje vi har fått ein litt fattigare kommunikasjon. Eg trur at folk før var meir saman, og det trur eg kunne vere ganske kjekt, seier Ida som likar godt å vere med i spel også utanfor Eid kommune.

–Vi reiser inn her og blir kjent med barn og unge som er frå Stryn. Det er positivt å knytte nye kontakter og  møte andre enn dei vi kjenner frå før. Og så er det eit veldig flott spel, med fine kulissar rundt, seier Ida som både er med som dansar og som vaskejente. Medan Elsa er med som vaskejente, som også har nokre dansar undervegs. Til saman var det med seks vaskejenter, og heile 24 dansarar i stykket.

Meir trøkk

Det er tredje året at musikalen Årringar blir sett opp på Sagedammen ved Ulvedal. Ein musikal skrive av Torstein Tvinnereim, med Jon Are Steen som musikalsk ansvarleg. I år er det med godt over 50 deltakarar på og bak scena. Regien står Arild Bøe for, og han kan opplyse at det i år har blitt eit kraftigare lydbilde og meir folk i kor og orkester.

–Vi har til dømes fått med fleire gode songarar frå koret Lostrupane. Orkesteret har blitt forsterka med ein saksofonist. Alt i alt er det blitt meir fylde og kraft i lydbilde. Det har også blitt ei friskare framsyning med fleire dansenummer til dømes, seier regissør Bøe.

Og dei fire innslaga med dans er det koreograf Candice Bredesen frå Eid som har hatt ansvaret for. Det er danseinnslag som handlar om forboden kjærleik, om det å skulle reise til Amerika, folkedans og ein vaskejentedans.