– Turgåarar kan vere heilt tankelause. No må dei vakne, og huske å late att grinda, meiner ein forbanna Hans Petter Vereide. Han har sjølv sauer i utmark, men desse har ikkje kome ned frå fjellet endå.

Problem kvar sommar

Problemet oppstår kvar sommar. Turgåarar til Fossane eller Utsikten gløymer å late att grinda, og sauene kjem ned til husa i byggjefelta på Nordfjordeid.

– Det vert eit ragnarok når sauene kjem ned i hagane. Hageeigarane får øydelagt i hagane sine, og bonden blir rasande galen av å plagast med å fare her og springe etter dyra sine. Det er ikkje slik vi skal ha det, seier Vereide.

– Det er heller ikkje kjekt å vakne, geispe og sjå ut av vindauget på ei kvige på altanen. Det har hendt før, fortel han.

Naturleg

Vereide forstår ikkje at det skal vere så vanskeleg å late igjen ei grind.

– Når ein går gjennom ei dør så er det naturleg å late den att igjen. Dette skal det vere automatikk i, meiner han.

Også denne veka har sauer vore nede i Myklebuståsen.

– Også i Prestemarka kjem sauer seg ned, fortel han.

Trasig

– Gå på tur i massevis, men lat at grinda, er den klare oppfordringa frå Vereide. Han minner om at når det er styggevêr er det lett for dyra å trekke nedover frå fjellet.

– Det er trasig for bøndene som stadig må fly etter dyr på avvege. Det tar motet får den enkelte bonden, og kanskje vil dei slutte med dyrehaldet fordi dei er plaga, seier han.

I sambandet med jobben sin i uteseksjonen i Eid kommune får han stadig telefonar om dyr på avvegar i byggjefelta.

– Vi er opptatt av at ting skal vere i orden, og grinda igjen. Men ein må tydelegvis minne folk om dette kvart år: Lat att grina, fastslår han.

– Ein kunne sjølvsagt hatt oppe eit skilt om dette, men om alt skal merkast på det som er naturleg, så veit eg ikkje. Om eit par månadar til er dyra nede frå utmarka. Då kan grinda vere open, men ikkje før, minner han om.