Harald Fagerstrand, Mino HK.
(Foto: Arkiv)

Harald Fagerstrand, Mino HK. Foto: Arkiv

To Mino-kastarar på pallen

Hesteskokastarar frå Midtre Nordfjord Hesteskoklubb (Mino HK) hevda seg godt i Ope Skjold-meisterskap i Jølster.

Skjold Hesteskoklubb arrangerte onsdag Ope Skjold-meisterskap på grusbana ved Helgatun i Årdal i Jølster. Tollef Årdal frå Skjold HK gjekk til topps i stemnet, etter å ha vunne finalen mot Harald Fagerstrand frå Mino HK, melder Mino HK på si heimeside. I bronsefinalen vann Walter Fagerstrand frå Mino HK mot Trygve Bolset frå Skjold HK.  

Midtre Nordfjord Hesteskoklubb stilte med 10 kastarar på gårsdagens stemne.

Stemne på Nordfjordeid

Laurdag og søndag står Mino HK som arrangørar for stemne på grusbana bak Valhall på Nordfjordeid.

Laurdag er det DM (distriktsmeisterskap) singel og  NM (Norgesmeisterskap) i Mix.

Søndag er det  DM i par og NM i Hesteskogolf.

Dette blir siste stemne på Nordfjordeid i år.

Resultat Ope Skjold-meisterskap

Klasse 1, gruppe A

1. Tollef Årdal, Skjold HK

2. Harald Fagerstrand, Mino HK

3. Walter Fagerstrand, Mino HK

4. Trygve Bolset, Skjold HK

5. Synnøve Fagerstrand, Mino HK

6. Oddvar Turøy, Førde HK

7. Gunnar Kvile, Gloppen HK

8. Ronald Stoddern, Mino HK

9. Inge Byrkjeland, Nordhordland HK

10. Gunnar Bugge, Mino HK

11. Andreas Bolset, Skjold HK

12. Per Lund, Gloppen HK

13. Stein Ove Stoddern, Mino HK

14. Ronny Stoddern, Mino HK

15. Kåre Måge, Mino HK

16. Johannes Nedrebø, Skjold HK

17. Klaus Solheim, Gloppen HK

18. Tormod Flatjord, Skjold HK


Klasse 1, gruppe B

1. Nils Jakob Juklestad, Skjold HK

2. Åse Fure, Gloppen HK

3. Torbjørg Årdal, Skjold HK

4. Signar Fauske , Førde HK

5. Henrik Stokkenes, Mino HK

6. Gro Sårheim Dvergsdal, Skjold HK

7. Alv Sunde, Gloppen HK

8. Siv Øen, Mino HK

9. Reidar Skrøppa, Gloppen HK