Ordninga med omkøyring for lette køyretøy gjennom Utvik blir utvida. Frå fredag kl. 07.00 blir det kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 3,5 tonn.

Omkøyringsvegen vil vere open mellom klokka 07.00 og 21.00, med kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil. Det kan bli ventetid i periodar.

– Vi har hatt gode erfaringar med opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, og vi har fått avvikla ein del massetransport. Det gir oss rom for å utvide ordninga, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og leiebil. Kontinuerleg kolonnekøyring startar fredag morgon, og til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.

Reparasjonsarbeidet i Utvik går framleis for fullt, og entreprenør er godt i gang med å forskale brukaret som skal reparerast. Utvaska strekningar er fylt på med masse, og det skal støypast støttemur langs ein del av strekninga og gjerast plastringsarbeid.

I tillegg til anleggsarbeidet i Utvik, vil det føregå arbeid på strekninga Byrkjelo – Utvikfjellet. Her er det strekningar med utvaska og svake vegkantar som treng reparasjon.