Dette skjedde då Statens vegvesen hadde tungtransportkontroll på Lefdal i Eid kommune onsdag. Det var ein utanlandsk turistbuss som vart stoppa på veg berekna for åtte tonn aksel-last. Bileigaren fekk vektgebyr på 24.300 kroner for å køyre med fire tusen kilo meir på drivakselen enn vegen tillet.

I den same kontrollen fekk eitt vogntog pålegg om å ta turen til verkstad før det fekk køyre vidare, på grunn av manglar med fartsskrivaren.

Tre køyretøy fekk bruksforbod, og måtte fjerne gjenstandar i frontvindauge før vidare køyring.

Ein førar fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort.

Ein lastebil fekk mangel på underkøyringshinder bak på lastebilen, og måtte utbetre dette før vidare køyring.