Dette lesarinnlegget er skrive av stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn, som er førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane til haustens stortingsval.

«Dei der inne i Oslo»

Når eg er i Oslo slit eg med å forstå dei som hyttar neven mot «Oslo-eliten». Når eg er heime på Nordfjordeid blir eg sjølv ein nevehyttar. Kvifor er det slik?

Valet i haust ser ut til å finne stad langs sentrum-periferi-aksen. Knut Arild Hareide vil ha «reformpause» av omsyn til distrikta. Trygve Slagsvold Vedum blir bussa rundt i landet med eigen kokk, og klarer knapt å tørke av seg gliset. Og sjølv den kulturradikale avis Dagbladet køyrer ein artikkelserie om «distriktsopprøret».

Eg kjem frå Nordfjordeid. Ein typisk tettstad i bygde-Noreg med om lag 3000 innbyggjarar, omgitt av fjord, fjell og landbruksjord. Og langt frå næraste by. Dette er ein del av landet der debattar om kor vidt ein skal ha 15 eller 25 minutts reiseveg til næraste sjukehus i Oslo blir litt fjerne, og der diskusjonar om betra kollektivtilbod er reint hypotetiske.

Samstundes er det ein del av landet der det går svært bra for tida. Når eg høyrer Senterpartiet og andre snakke om bygde-Noreg som eit slags naturreservat der alle piler peikar i feil retning, er det ein type svartmåling som etter mitt syn er fullstendig frikopla realitetane. I min kommune er folketalsveksten god, det blir bygd hus (med lys i) og skuleresultata er heilt i landstoppen. Samstundes peikar pilene riktig veg i landbruket. Talet på husdyr har auka monaleg dei siste fem åra, mjølkeproduksjonen går opp og nedbygginga av jordbruksareal går ned. Næringslivet investerer, arbeidsplassane blir fleire. Kort sagt: Det går bra. Og det gjeld dei aller fleste stadar i Sogn og Fjordane.

Dette er likevel ein analyse sett utanfrå. Dette er måten eg tenkjer på når eg er i Oslo, følgjer dei nasjonale debattane og les statistikken. Men når eg er heime lenger enn ei helg om gongen, slik som no i sommarferien, merkar eg at eg byrjar å tenke på ein annan måte. Ikkje fordi realitetane endrar seg, men fordi perspektivet gjer det. På engelsk har vi eit godt uttrykk: «where you stand depends on where you sit». Slik trur eg i høgste grad det er i distriktspolitikken.

Det er ikkje fordi folketalsveksten i Eid er annleis når ein les statistikken i Kommunal rapport i departementet enn når ein les den i Fjordabladet på rådhuset. Men fordi makta sit mykje lenger unna. Når det kjem ei melding på Dagsnytt om ei ny politireform, ein ulv som skal få leve, ei kommunesamanslåing som skal gjennomførast eller eit lokalsjukehus som skal få færre funksjonar, ja, så kjem dette nettopp som nyhende. Av og til som lyn frå klar himmel. På dei som står utanfor avgjersleprosessane. For folk som har vore tett på slike prosessar, derimot, kjem det berre som den naturlege konklusjonen på ein lang diskusjon der ein har kunne påverke og bidra.

Eg trur at vi som til dagleg går og trakkar i skravleklassen i og rundt Stortinget skal vere særs medvitne om kor priviligerte vi eigentleg er. Som kan bruke heile dagen på å påverke og diskutere aktuelle samfunnsutfordringar. Vanlege folk har det ikkje slik. Nær sagt heldigvis, viss ikkje ville det neppe blitt skapt mykje verdiar i dette landet.

Men det er nettopp når eg sjølv er fråkopla slike diskusjonar i ein periode, at eg kjenner avstanden til Oslo vekse. Når eg ikkje går på frukostmøte hos tenketankar, drikk øl med journalistar, diskuterer politikk i gangane på Stortinget. Det er då eg kjenner at også eg får piggane ut når det kjem nyhende om politikk på Dagsnytt. «Kva er det dei der inne i Oslo har funne på no?», tenkjer eg.  Ja, denne sommaren tok eg meg til alt overmål i å tenkje «kva er det desse i Venstre har funne på no?», når det kom ei nyhendesak om eit initiativ frå mitt eige parti – som eg ikkje sjølv hadde vore med og diskutere. Fordi eg var langt unna.

Motviljen som oppstår ved avstand til avgjersler går for øvrig begge vegar. Denne perioden har vi gjennomført ei kommune- og regionreform. Der påstår alle parti at dei er for å flytte makt og mynde nærare folk. Men når det kjem til stykket, skortar det ofte på motet. Også frå distriktsrepresentantar. Eg trur min motkandidat frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti, stortingsrepresentant Ingrid Heggø, oppsummert det godt då ho i Firda 10. juni uttalte følgjande: «Di lengre eg sit på Stortinget, di mindre har eg lyst til å overføre, fordi vi misser kontrollen, og fordi det blir vanskelegare å måle gjennomføringsgraden».

Det hjelper heller ikkje at det som kan krype og gå av interesseorganisasjonar i dette landet, frå Noregs Bondelag til Funksjonshemmedes fellesorganisasjon helst vil at Stortinget skal ha ansvar for det meste. Fordi det er enklare å påverke færre politikarar (og ikkje minst: fordi Stortinget har eit oljefond å gripe til).

Eg trur nok at uansett kor mykje telegraflinjer, telefonstolpar og fiberkablar vi får i samfunnet, vil fysisk avstand like fullt alltid vere, nettopp, avstandsskapande. Og avstand til maktpersonar og maktutøving gjer det vanskelegare å akseptere utfallet av ei avgjersle. Kanskje er det grunnen til at ei ynglande ulvepar i Østmarka er ei gladsak i media, medan eit ynglande ulvepar i Østerdalen er eit åtak på distrikta?

Eg er ikkje einig med Senterpartiet, verken i at det borgarlege firepartistyret har vore ei katastrofe for distrikta, eller for den saks skuld i at det går dårleg i distrikta. Men eg trur dei som har interesse av å skape dette inntrykket har vore utruleg flinke i å spele på svært kraftige politiske strengar. Strengar som vibrerer sterkare jo lenger unna Løvebakken ein oppheld seg til dagleg.

Løysinga på denne utfordringa er sjølvsagt ikkje å vere distriktspopulist når ein er i opposisjon, og del av det same systemet når ein er i posisjon. Det er nemleg Senterpartiet i eit nøtteskal. Løysinga er etter mitt syn todelt: For det første må vi bli flinkare til å forankre politiske avgjersler breidt, med omfattande offentleg debatt og grundige høyringsrundar. Effektivitet er vel og bra, men av og til kan det gå på kostnad av legitimiteten til viktige avgjersler og reformer.

For det andre må vi på Stortinget av og til må våge å sleppe kontrollen. Ja, det å gi kommunar og fylkeskommunar større ansvar for å utføre viktige samfunns- og velferdsoppgåver vil gi større skilnadar. Du vil få fleire harmdirrande oppslag på TV2 Nyhetene om folk som får eit godt tilbod i ein kommune medane andre kommunar prioriterer annleis. Men eg trur dette er ein pris som er verdt å betale. Både fordi reell konkurranse mellom kommunar og regionar kan gi betre løysingar, fordi ein lærer av kvarandre sine måtar å gjere ting på. Men også fordi det at folk sit tett på avgjersleprosessar har ein stor verdi i seg sjølv. Det handlar ikkje om at vi skal ha eit rådhus på kvart nes, men at dei rådhusa vi faktisk har skal vere reelle maktsenter der politikk blir utøvd, ikkje berre administrert.Motviljen mot «dei der inne i Oslo» vil nok neppe forsvinne. Men det er trass alt enklare å ta ein diskusjon med dei der inne på Nordfjordeid, dei der ute i Florø, eller dei der inne på Leikanger.