Dette innlegget er skrive av stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid. Han er også førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane til haustens stortingsval.

Stortingsvalet er også eit språkval

Kvar dag tar vi mange små og store språkval, både på arbeidsplassen og på fritida. Politikken må leggje til rette for at borgarane får møte og kan velje nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar.

Nynorsk passar overalt, alltid. Ikkje la nokon fortelje deg noko anna denne valkampen. Stortingsvalet 11. september er også eit språkval.

Det går ganske godt med nynorsken. Vi er mange som brukar språket vårt og språket vårt er viktig for oss. Engasjementet for kva som skulle vere hovudspråket i den nye Vestlandsregionen er berre eitt døme.

Det bles ein nynorskvenleg vind gjennom dei store avisredaksjonane. VG og Aftenposten har opna døra på gløtt for nynorsk på redaksjonell plass, og viser med dette, sjølv om dei framleis har ein veg å gå, at dei er reelle riksaviser. Tillèt du ikkje heile det norske språket er du ikkje ei avis for heile landet.

Men språkpolitikk er nettopp politikk, og det moderne bruksspråket nynorsk er stadig under åtak, ja, attpåtil frå øvste hald. Regjeringspartia vil anten gjere sidemålsopplæringa valfri, eller fjerne vurderingsordninga.

Det er ei lukke for nynorsken at Venstre har hatt ei hand på rattet dei siste fire åra. I fire statsbudsjett på rad har vi sikra millionløyvingar til ulike nynorsktiltak, som Nynorsk avissenter i Førde, Nynorsk pressekontor, Vinje-senter, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum.

Dette har vi gjort fordi språkleg mangfald og fridom er viktig for folk og viktige verdiar for eit liberalt parti.

Heilt sidan Venstre likestilte nynorsk med bokmålet i 1885 har vi stått på nynorsken si side, og kjempa for at den språklege likestillinga skal vere reell i skulen og i samfunnet elles.

Denne stortingsperioden har vi mellom anna vedtatt nynorsk Grunnlov og bede regjeringa greie ut korleis ein kan sikre elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt.

I år går Venstre til val på eit program som vil ytterlegare styrke nynorsken. Vi ynskjer eit solid løft for sidemålsordninga. Vi slår fast at vi framleis skal ha ein eigen sidemålskarakter, fordi elevane må sikrast retten til opplæring og vurdering i både bokmål og nynorsk.

Denne kompetansen må synleggjerast på vitnemålet. Dette er særleg viktig i ein karakterstyrt norsk skule. Alternativet vil vere ei nedprioritering av arbeidet med sidemål i skulen.

Venstre går også til val på tidlegare start med sidemål. Vi vil at elevane skal få systematisk sidemålsopplæring når dei er yngre og meir mottakelege for språkinnlæring. Vi vil få på plass ei nasjonal prøveordning med nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde, og vi vil sikre at barnehagane får tilgang på nynorske bøker.

Dessutan vil vi styrke nynorskdidaktikken i lærarutdanninga fordi språkmektige lærarar er den viktigaste faktoren for at elevane skal sikrast ei god og engasjerande opplæring i både nynorsk og bokmål.

Dersom du er opptatt av språkleg mangfald og fridom, kan du trygt røyste Venstre til hausten. Vi skal halde fram kampen for nynorsken.

Eit sidemålsløft i skulen vil auke elevane sin kompetanse og redusere fordommar. Nøkkelen til begge dei norskspråklege universa ligg i skulen. Vi skal setje elevane i stand til å bruke heile det norske språket. Det er den draumen me ber på.