(Foto: Illustrasjon)

Foto: Illustrasjon

Rusa mann køyrd heim av politiet

Politiet måtte gripe inn på Nordfjordeid.

Det var i halv fem-tida onsdag ettermiddag at ein rusa mann oppheldt seg på Nordfjordeid. Mannen i 40-åra vart køyrd heim av Utrykkingspolitiet.

Litt tidlegare på dagen hadde Utrykkingspolitiet trafikkontroll i Eid sentrum. Her vart fire førarar bøtelagde for bruk av handhalden mobiltelefon. Det vart også gjeve ut tre gebyr for manglande bruk av bilbelte.