Biletet viser delene av ei bremseskive som har gått i oppløysing på veg ned frå Strynefjellet.
(Foto: Statens vegvesen)

Biletet viser delene av ei bremseskive som har gått i oppløysing på veg ned frå Strynefjellet. Foto: Statens vegvesen

– Får håpe feilen er utbetra

– Stadige funn av bremsedelar frå tyngre køyretøy i bakkane ned frå Strynefjellet gjev grunn til bekymring.

Dette uttalar overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen. Det skjer nemleg stadig vekk at det dukkar opp deler frå bremseanlegg på tyngre køyretøy i bakkane ned frå Strynefjellet.

– Desse delane frå ei bremseskive på eit tyngre køyretøy kom ein av bebuarane på Skåre i Oppstryn med då vi hadde kontroll i Skårebakken tysdag. Han hadde plukka delene opp litt lenger nede i bakken for nokre dagar sidan, skriv Henjesand i ein e-post.

– Om bremseskiva tilhøyrer ein lastebil, tillhengar eller ein buss er ikkje godt å vite. Slike funn av bremsedeler viser at kontrollane er svært viktige for trafikksikkerheita, og vi har svært stort fokus på å luke slike farlege køyretøy ut av trafikken. Dessverre fangar vi ikkje opp alle. Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra feilen med bremsene, og at det ikkje fortset å køyre rundt på vegane med enten 50 passasjerar, eller 50 tonn last, uttalar Henjesand.

I kontrollen vegvesenet heldt tysdag måtte eit vogntog på verkstad før det fekk køyre vidare, då det hadde manglar med bremsene. Vogntoget hadde også diesellekkasje som måtte utbetrast. I tillegg fekk to køyretøy skriftlege varsel om manglar som må utbetrast innan fastsett frist.