Den erfarne politikaren har fått med seg dei mange negative reaksjonane som har kome på utbygginga av kjøpesenter og leilegheitskompleks i strandsona.

– Eg forstår at all fornying skapar debatt. Det er for så vidt berre bra med engasjement, men eg trur ikkje at dei som er kritiske representerer eit fleirtal i folket, snarare tvert imot. Eg opplever at fleirtalet ønskjer utvikling og nye arbeidsplassar, seier Drabløs.

Stort politisk fleirtal

Han har i alle fall eit stort politisk fleirtal bak seg i kommunestyret i Eid for utbyggingane. Det siste som er på trappene er at det skal kome eit fullskala Biltema-bygg mellom Amfi Nordfjord og det planlagde Sagastad-bygget.

– Dette området har vore sett av til næring i ti år, så det bør ikkje kome som noko overrasking av det blir bygd der. Dersom vi skulle sagt nei til det som kanskje blir det aller største trekkplasteret når det gjeld handel i Eid, ville det vore totalt uansvarleg, meiner Drabløs.

– Meir enn signalbygg

Han har registrert at arkitekten bak Sagastad-bygget har reagert på Biltema-bygget som har byggestart denne månaden.

– Frå hans ståstad er det lett å ha forståing for reaksjonen. Likevel er det dei færraste signalbygg som ligg rett ved ein stor og flott park. I tillegg må ein hugse på at Sagastad skal vere langt meir enn eit signalbygg. Det skal vere eit bygg som folk faktisk går inn i. Satsinga på handel og bustader vil bidra sterkt til nettopp dette, meiner Drabløs.

Han er også positiv til utbygginga av leilegheiter heilt i sjøkanten, gjennom Sagastad Panorama.

– Skal vi ha vekst i sentrum, må det bu folk der. Dess fleire, dess meir aktivitet. Sånn er det berre, meiner Drabløs.

Vil bygge Eid

På spørsmål om kvifor han, og eit stort fleirtal i kommunestyret i Eid, støttar utbygginga i strandsona, svarar han slik:

– Vi er opptekne av å bygge Eid for framtidige generasjonar, slik at det skal vere interessant å bu her. Distriktsungdom søkjer seg til urbane miljø, og det er noko vi må ta på høgste alvor. No synest eg vi er langt på veg mot der vi ønskjer å vere. Vi får ein god balansegang mellom attraktive butikkar, flotte uteområde med gode tilbod, samstundes som særeigenheita blir tatt vare på.

Når det gjeld det sistnemnde er det spesielt Eidsgata Drabløs siktar til.

– Den store veksten i tilstrøyminga av folk til Eid som utbygginga av handelen langs Sjøgata fører til, kjem i høgste grad Eidsgata til gode. Skal ein kunne bevare og vidareutvikle Eidsgata som ei aktiv handelsgate, er eg overbevist om at satsinga ved Sjøgata er nøkkelen, meiner Drabløs.

Støttar plasseringa

Han er heilt klar på at avgjerda om å satse på området ved Sjøgata som handelssentrum i Eid er rett.

– Kva viss vi politikarar hadde sagt at alt skulle leggast på Langeland? Kva med Eidsgata då? No får den unike Eidsgata dei store kommersielle trekkplastra direkte tilknytta. Det trur eg vil vere avgjerande for at Eidsgata vil få mykje trafikk av folk, også utanom sommarsesongen, meiner Drabløs.

– Må ha vekst

– Som politikarar må vi legge vekk føleriet, og tenke langsiktig og heilskapleg. Det vi treng er fleire arbeidsplassar og vekst i folketalet. Elles vil vi måtte vri inntektene frå den oppveksande til den aldrande generasjonen i mykje større grad, noko som vil gå utover skule, kultur, idrett og andre tilbod, seier han.

STØTTAR UTBYGGINGA: Kommunestyremedlem Lars-Svein Drabløs (Frp). Foto: Anita Ingebrigtsen