Her er Sverre Heggen i samband med ei sak i Fjordabladet i 2014: – Ungane må opp i trea, ut i vatnet og opp på fjellet, sa den då 84 år gamle eldsjela.
(Foto: Jørn-Arne Tomasgard)

Her er Sverre Heggen i samband med ei sak i Fjordabladet i 2014: – Ungane må opp i trea, ut i vatnet og opp på fjellet, sa den då 84 år gamle eldsjela. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Sverre Heggen er død

Ei av dei største eldsjelene for idretten i Eid og regionen er død.

Sverre Heggen vart 87 år gamal. Han var heilt til det siste levande engasjert for idretten, spesielt med tanke på barn og unge sine oppvekstvilkår. Det var fotballen som sto han nærast, men han snakka alltid varmt om variasjon og leikbasert aktivitet.

I sitt sivile liv jobba Sverre Heggen innan forsikringsbransjen. Han var ein av dei sentrale spelarane på Eid sitt A-lag i ei årrekke og hadde tilbod frå fleire klubbar i høgare divisjonar, men valde å bli verande i Eid.

Sverre Heggen la ned eit stort arbeid som trenar, dommar og leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets. I 1965 vart han den første elitetrenaren i fylket. Seinare tok han utdanning som diplomtrenar.

Av utmerkingar fekk han blant anna Fotballkretsen sitt gullmerke, Sogn Fjordane Idrettskrins sitt heidersteikn og Eid kommune sin kulturpris. Han var også æresmedlem i Eid Idrettslag. Heggen fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2007.