Luftfartstilsynet understrekar at det er ein føresetnad for dispensasjon at det vert teke omsyn til sikkerheit.
            (Foto: Anna Wuttudal)

Luftfartstilsynet understrekar at det er ein føresetnad for dispensasjon at det vert teke omsyn til sikkerheit.Foto: Anna Wuttudal

Seier ja til sjøfly på Eidsfjorden

Luftfartstilsynet har gjeve Scandinavian Skies AS dispensasjon frå kravet om konsesjon for å drive landingsplass på sjø på Nordfjordeid.

Dispensasjonen gjeld for éin driftssesong. Scandinavian Skies AS sine planar er å formidle rundflyging og taxiflyging. Planlagt oppstart var i utgangspunktet i april/mai 2017. Operatøren vil nytte flymaskiner av typen Cessna 206. Talet på flygingar vil bli tilpassa etterspørselen, men vere maksimalt 80 per landingsplass per veke. Ein flybevegelse er i denne samanhengen er definert som enten ein avgang eller ei landing.

Det mest usikre momentet, frå Luftfartstilsynet sin ståstad, er forholdet til naturmangfaldet, og då spesielt dei anadrome fiskane i fjorden, laks og aure.