Statens vegvesen heldt tungbilkontroll på Nordfjordeid frå klokka 15.00 til 22.30 fredag. Her vart ein spansk bussjøfør meldt og pålagt 45 timar kvile. Sjåføren hadde gjennomført to reduserte vekekvilar, der den siste vekekvilen skulle vore på 45 timar. Sjåføren vart pålagt 45 timars kvile og får ikkje køyre vidare før denne er gjennomført.