Fotballskulen blir arrangert frå måndag 14. august til onsdag 16. august. Dei som kan delta på fotballskulen er jenter og gutar fødde 2005-2010.

– Aktivitetane blir i stor grad leikbaserte, og det er mange ulike øvingar på programmet, fortel sportskoordinator og trenar for Eid sitt A-lag herrar, Dan Jøran Hafsås.

VM-turnering

Han legg til at sjølv om det er leikbaserte øvingar, er det meste retta mot fotball.

– Måndagen er temaet pasningar, tysdag er det avslutningar og onsdag blir det turnering etter inspirasjon frå VM. Her skal dei ulike laga vere forskjellige landslag, og spele ei VM-turnering. Dette er noko vi hadde stor suksess med då eg jobba i Ready, fortel Hafsås.

Ønskjer fleire

Så langt er det rundt 70 påmelde til Tine Fotballskule, og Hafsås understrekar at ein gjerne vil ha fleire deltakarar.

– Vi har absolutt rom for fleire. Påmeldinga skjer via e-post, og ein finn all informasjon på nettsida eidfotball.no. Av dei påmelde er det rundt ein tredjedel jenter, seier han.

I tillegg til det reint sportslege får deltakarane brødmat, frukt og sjokomelk. Alle får også fotballsekk og gul t-skjorte.

Instruktørar vil være trenarar frå Eid Fotball og A-lagsspelarar. Sogndal Fotball kjem også med klubblegenda Rune Bolseth og eit par andre profilerte spelarar. Desse kjem truleg tysdagen.

Fotballcamp for dei eldste

I tillegg til fotballskule for spelarar opp til 12 år, vil Eid Fotball i år også arrangere fotballcamp for gutar og jenter i alderen 13-17 år.

– Her blir det eit meir reint sportsleg fokus i forhold til den yngre gruppa. Grunnleggande er det snakk om korleis ein kan trene for å bli best muleg, seier Hafsås.

Intensive økter

Under fotballcampen vil deltakarane få både intensive treningsøkter, og foredrag halde av Dan Jøran Hafsås. Dei to foredraga har tema «Toppspelarmentalitet» og «Korleis blir eg ein betre fotballspelar».

– Førebels har vi ein stad mellom ti og 20 påmelde til fotballcampen. Den vil føregå parallelt med Tine Fotballskule. Eg håpar mange får lyst til å vere med på tre dagar med læring og moro, som ei flott opplading til skulestart og haustsesongen, seier Hafsås.