Svelgen: Rett før klokka ni i dag tidleg vart det meldt om ei trafikkulykke på Indrehus i Svelgen. Ein bil er involvert. Det var ein person i bilen. Inga alvorleg personskade, og naudetatene er på veg. Vegen er sperra etter ulykka, og bilbergar er bestilt. Vegen blir opna igjen når den er rydda. Det er førebels uvisst kor lang tid dette tar. Førar blir sendt til legevakt i Svelgen for sjekk.

Stryn: Politiet fekk melding om bråk frå ungdommar som bada i Styn sentrum natt til søndag. Dei fekk  pålegg om å avslutte badinga.

Måløy: Ein rusa mann i 20-åra vart køyrt heim av politiet natt til søndag.

Kjøs, Hornindal: Utrykkingspolitiet heldt fartskontroll i 80-sona på RV15 laurdag kveld. Resultatet vart fem forenkla forelegg. Høgste fart vart målt til 99 kilometer i timen.