Fleire bilar kom ikkje med på ferga frå Lote til Anda rett før klokka 12 i føremiddag. Årsaka er at den eine av dei to ferjene som trafikkerer sambandet er ute av drift grunna tekniske problem. Det er førebels uvisst når sambandet igjen blir trafikkert av to ferjer.

Årsaka til den store trafikken er først og fremst at vegen over Utvikfjellet er stengt på grunn av flaumen. I tillegg er det mange som avsluttar fellesferien i dag, og er på reise heim.

– Vi kan ikkje seie når den andre ferja kan settast i drift igjen. Vi jobbar med saka. Det blir også jobba med eit alternativ med å setje inn eit reservefartøy, som då eventuelt vil bli flytta frå eit anna samband. Vi ønskjer sjølvsagt at situasjonen blir retta så fort som muleg, men som sagt kan eg førebels ikkje seie noko om når dette vil skje, seier operativ leiar for Fjord 1 i Nordfjord/Indre Sogn/Ytre Sogn, Christine Hammersvik.

– Blir berre verre

Hans-Rune Vengen er overflytta frå sambandet Stårheim-Isane på grunn av den store trafikken på Lote-Anda, som kjem til å vedvare til Utvikfjellet blir opna. Då Fjordabladet snakka med den erfarne billettøren, var han sikker i si sak:

– Det blir berre verre utover dagen. Køane kjem til å bli mykje lenger, seier Vengen.

Og akkurat den konklusjonen er garantert rett. Då Fjordabladet returnerte frå Lote rett etter klokka 12 i dag, var det uvanleg mange bilar som kom motsett veg gjennom Lotetunnelen.

Ekstra mannskap

Då det er venta store køar, har vegvesenet sett ut folk for å dirigere trafikken. Fjord 1 har også kalla inn ekstra ekstra mannskap. Allereie onsdag denne veka fekk sommarvikar Tor Henry Challen beskjed om å kome på jobb søndag. Det var altså lenge før ein visste om dei tekniske problema som starta tidleg laurdag.

– Eg har nettopp kome på jobb for å ta billettar, seier Challen, som også i fjor hadde sommarjobb som billettør på ferjesambandet Lote-Anda.

– Tidlegare har det vore køar heilt opp til tunnelen, så vi får sjå kor langt det blir i dag. Enkelte blir sure viss dei akkurat ikkje kjem med på ferja, men det går stort sett veldig greit, seier Challen.

Tor Henry Challen er sommarvikar på Lote-Anda.
Hans-Rune Vengen ventar store køar på Lote i dag. Foto: Yngve Tolaas