Stein Robert Osdal (t.v.) og Alfred Bjørlo.
(Foto: Arkiv)

Stein Robert Osdal (t.v.) og Alfred Bjørlo. Foto: Arkiv

– Feil om Bryggja frå ordførar Maurstad

LESARINNLEGG: Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal svarar på eit intervju Kristin Maurstad gjorde med Klassekampen.

Dette lesarinlegget er skrive av Eid-ordførar Alfred Bjørlo og Selje-ordførar Stein Robert Osdal, som eit svar på eit intervju med Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad i Klassekampen.

– Feil om Bryggja frå ordførar Maurstad

Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy seier i eit intervju med avisa Klassekampen 6/8 følgjande, som svar på spørsmål om kva kommune Bryggja bør høyre til i framtida: "Det er feil at Vågsøy blir fråteken ei bygd for at Stad skal kunne forsvare samanslåinga."

Her gir ordføraren i Vågsøy ei direkte feilaktig framstilling av eit lovleg og sjølvstendig innbyggjar-initiativ på Bryggja. Kristin Maurstad veit svært godt at det ikkje er nye Stad kommune som har "krevd" at Bryggja skal bli del av den nye kommunen - Stad kommune kjem uansett. Det er innbyggjarane på Bryggja som sjølve har tatt eit slikt initiativ. Det er dei i sin fulle rett til. Å snakke om at Vågsøy blir "fråteken ei bygd", er ei merkeleg framstilling av eit folkeleg initiativ med støtte i norsk lov og prosedyrane som staten har fastsett for grensejusterings-saker.

Frå Selje og Eid si side ser vi positivt på at Bryggja blir ein del av nye Stad kommune, attpåtil eit geografisk midtpunkt, men vi er krystallklare på at dette må vere opp til folk på Bryggja. Berre ein ting er sikkert: Frå 1. januar 2020 er ikkje Vågsøy kommune lenger eit aktuelt val for Bryggja. Vågsøy kommunestyre har vedteke at frå då av skal Vågsøy bli ein del av nye Kinn kommune, på same måte som Eid og Selje blir nye Stad kommune.

Det er valet mellom Stad og Kinn som Bryggja no skal gjere. Uansett kva valet blir må vi alle respektere det og vere gode naboar i etterkant. Den merkelege måten Kristin Maurstad omtaler både initiativet frå Bryggja på og Stad kommune på til Klassekampen bør ikkje setje standarden for korleis vi dette framover.  Vi håpar Kristin Maurstad kan rydde opp i saka, og på høveleg vis korrigere sitatet i Klassekampen i går.