Dette innlegget er skrive av ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Landbruk: Ei vekstnæring i Eid

Verda er inne i ei tid med store omveltingar. Mange snakkar om "det grøne skiftet" - ei storstilt omlegging av verdsøkonomien bort frå eingangs-ressursane olje, kol og gass - over til fornybar energi, gjenbruk og høgare verdsetjing av dei evigvarande ressursane i naturen.

Noko som får ufortent lite merksemd, er landbruket sin plass i det grøne skiftet. Verdiskapinga i landbruket byggjer på ei evigvarande energikjelde: Plantane sin fotosyntese. Eit vekstkraftig landbruk er avhengig av fornuftig, langsiktig hushaldering med knappe naturressursar.

I ein kortsiktig tenkjande oljeøkonomi som i Noreg dei siste 30-40 åra har landbruket på mange måtar blitt "spelt ut over sidelina". Olje-næringa har hatt ein super-profitt få andre næringar har vore i stand til å konkurrere med. Aller minst jordbruket, som er avhengig av langsiktige investeringar og langsiktig tankegang - med ei verdiskaping som ikkje kan maksimerast frå eitt år til eit anna utan å gå ut over økonomi i næringa på lang sikt.

Eg er difor overtydd om at den utfasinga av oljenæringa vi no ser til fordel for ein ny, grøn økonomi er godt nytt også for landbruket. I framtida vil ikkje landbruket lenger vere ei "nedgangsnæring" - men ei vekstnæring. Ferske tal frå utviklinga av landbruket i Eid tyder på at dette skiftet allereie er i gang. Vi kan no - i 2017 - seie at landbruket allereie er ei vekstnæring i Eid - med ei endå betre framtid føre seg.

Landbruket i Eid har i alle år vore dominert av storfe (mjølk og kjøt) og sau (kjøt). Talet dyr gjekk nokså årvisst ned frå 1990-talet fram til ca 2012. Men dei siste fem åra har trenden snudd. Sidan 2012 har talet på storfe (både mjølkekyr og slaktedyr) og sau i Eid auka. Det er pr i dag ca 2.900 storfe, og 3.800 sauer over eitt år på gardane i Eid. Også mjølkeproduksjonen har auka - faktisk med over 10% dei siste fem åra.

Eit anna interessant trekk er at nedgangen i jordbruksareal i Eid har stoppa opp. Også jordbruksarealet vart årvisst redusert frå 1990-talet fram til ca 2012. Etter det har arealet i drift vore stabilt, og er no på ca 23.000 mål totalt i Eid kommune, herav ca 14.000 mål fulldyrka mark.

Det har også - oppsiktsvekkjande nok ut frå dei langsiktige trendane i norsk landbruk - vore eit stabilt tal gardar med dyr i Eid sidan 2012. Ca 150 gardar med dyr totalt - herunder drøyt 50 med mjølkekyr. Til saman var det 169 gardar i Eid som søkte produksjonstilskot i 2016.

Det har også vore ei god inntektsutvikling i landbruket dei siste åra, og store investeringar i nye driftsbygningar i landbruket i Eid. Først og fremst innan mjølke-produksjon, men også i sauenæringa.

Denne positive utviklinga i Eid i ei næring som ofte har ord på seg for å vere ei "nedgangsnæring", er svært gledeleg - og eg  vil tru overraskande for mange som til stadigheit er opptatt av at "alt var betre før". Det gjev også store ringverkander for lokalsamfunnet langt utover  landbruket sjølv. Positiv utvikling i landbruket dreg med seg utvikling i mange andre næringar på Eid (byggnæring, elektro, handel med meir).

Utviklinga i landbruket i Eid er prega av at vi har relativt mange unge bønder med vilje og evne til å satse - og ikkje minst at dei har klart å skape eit godt fagleg og sosialt miljø for landbruk som næring. Det er ikkje for ingenting at Eid Bondelag er kåra til "årets bondelag" nasjonalt. Å vere fleire saman er langt meir motiverande enn å satse åleine.

Vi har også frå kommunen si side dei siste åra satsa tungt gjennom Kommunalt Næringsfond på kunnskapsbygging i landbruksnæringa (Felles mjølkeprosjekt Eid/Stryn - den største enkeltsatsinga vi har gjort gjennom kommunalt næringsfond nokonsinne) - og ved å få på plass ein ny arealplan som skjermar landbruksarealet utover det som allereie ligg inne i gamle planar (t d Myklebust/Stokkenes). Når Eid kommune no er nominert som einaste kommune i Sogn og Fjordane til den nasjonale jordvern-prisen, seier det noko om prioriteringa vi har gjort av å ta vare på dyrka mark. Mellom anna ved å satse sterkt på fortetting og samling av handel og bustader i sentrumsområde og på fyllingar langs sjøen.

Eg har svært stor tru på at den gledelege utviklinga vi har sett i landbruket i Eid dei siste 4-5 åra, berre er starten. Eg trur landbruket vil bli ein stadig viktigare del av norsk næringsliv i framtida, og at Eid vil bli ei endå større landbrukskommune.

Vi har meir dyrkbart areal som kan dyrkast opp. Vi er komne kort i å utvikle nisje-næringar i landbruket. Vi har likte frukt/bær-produksjon og lite lokal foredling. Kanskje er tida snart inne for å starte med "andels-landbruk" i Eid - i ei tid då stadig fleire eidarar flyttar inn i leilegheiter i sentrum?

På alle desse områda trur eg det er rom for vekst. Det aller viktigaste for verdiskapinga samla sett, er likevel å halde oppe fornyings- og investeringstakta i dei tunge drivarane av landbruket i Eid: Storfe og sau. Ikkje minst må vi halde oppe den gode utviklinga i sauenæringa - ei næring som er heilt utan like for å utnytte innmarksbeita og utmarka vår godt.

Vi står også føre store teknologiske endringar i landbruket der vi også må vere "på hogget" lokalt. Mjølkerobotar er allereie blitt hyllevare blant bøndene på Eid.  Kanskje kjem raskare enn vi trur nye former for robot-drift og automatisering - også utandørs. Fossil diesel som drivstoff vil bli fasa ut med klimanøytrale drivstoff. Kanskje biodiesel, som igjen gir rom for auka verdiskaping og produksjon frå lokalt landbruk/skogbruk.

Éin ting er sikkert: Få næringar blir meir spennande å følgje med i enn landbruket i åra framover. Landbruket er ei næring i vekst - som fortener å bli framsnakka - og bli sett på som ein heilt sentral del av det grøne skiftet.