Dette innlegget er skrive av eidaren Jo Heinum, som er politisk rådgjevar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe. Innlegget er skrive som ein reaksjon på denne saka, publisert på NRK Sogn og Fjordane si nettside.

Carlson og alle andre

Frå mi tid i Fjordenes Tidende kjenner eg godt til Gunnar Carlson sin posisjon i Måløy-samfunnet og alt han har utretta. Ein eigenkapital på 123 mill. kr vitnar om ein viktig og dyktig mann som eg unner alt godt. Men når han kastar seg inn i valkamp for Erna si Frp/Høgre-regjering, går det meir i ball.

Dei færraste likar å betale skatt. Men ein sjukepleiar i Førde, bilmekanikar i Florø, uføretrygda i Hornindal eller bussjåfør i Sogndal får ikkje toppoppslag på NRK Sogn og Fjordane for å fortelje om det. Når Carlson slepp til (3/8), er det fordi han kan skubbe andre føre seg – alle som treng lokal vekst og arbeidsplassar.

NRK spør: «–Men kan du sjølv syne til døme på ting som ikkje er blitt noko av som følgje av formuesskatten?» «– Eg skal ikkje prøve på det», er svaret. Då er vi like langt. Gjennom fem år har Siv og Erna mislykkast i å finne eitt døme på ein arbeidsplass som har forsvunne, eller ikkje blitt skapt, som følgje av denne skatten.

Og det er eit problem. For Carlson tek feil når han hevdar at skattekutt ikkje råkar barn og eldre. No om dagen sit eg på eit stortingskontor og svarer på e-postar frå heile landet på vegne av Ap. Mange er både sinte og fortvila. Det som går att, er følgjene for enkeltmenneske av at felleskassa må spare pengar. Mindre pengar inn i denne, gir mindre pengar ut. Ikkje berre til skule, eldreomsorg og sjukehus, men òg til målretta oppstartshjelp for bedrifter, ting som fungerer.

Ein politikk som på ein og same tid svekker budsjetta for skule, eldre og helse, aukar forskjellane på folk og ikkje skaper arbeidsplassar, er ein skandale. Siv og Erna går til val på at denne skal halde fram.