Eitt av dei lokale laga er klare for A-sluttspel. Dette er Eid 1 i klasse gutar 14 år 7'ar. Dei har vunne tre strake kampar i gruppespelet: 6-0 over Bækkelaget, 5-1 over Indre Kåfjord og 7-1 over Sauland. Eid 1 spelar i ei gruppe med fem lag, og spelar sin siste gruppespelskamp klokka 16.15 i dag mot Herd.

Eid stiller med to lag i klasse gutar 14 år 7'ar. Eid 2 tapte først 2-6 mot Frei, før dei sigra 4-3 mot Froland. I dag spelar dei siste gruppespelskamp mot Røa.

Heia deltar med lag i Norway Cup for første gong. Dei stiller med eit jentelag og eit gutelag, begge i klasse 13 år 7'ar. Jentene vann først 5-1 mot Kviteseid, før det vart tap 0-3 mot Fossum og 0-4 mot Søya. Jentene får lokal motstand i B-sluttspelet, der dei møter Breimsbygda.

Heia sine gutar vann første gruppespelskamp 4-3 over Hauerseter, før det vart tap 1-8 mot Kvæfjord. Dei spelar akkurat no mot Kolbotn.

Heia J 13, frå venstre: Kamilla Rønnekleiv, Maya Myklebust, Ida Holmøy, Renate Leivdal, Andrea Vedvik, Øyvor Leivdal (delvis skjult), Victoria Ekeset og Silje Hjelle. Fremst: Eveline Skrede Anderson. Foto: Privat
Eid 2 G 14, bak frå venstre: Sindre Årskog, Kasper Mundal, Falk Adelsten Engebretsen, Max Endal og Patrick Isene. Framme frå venstre: Tuva Sigdestad Lund, August Sigdestad Lund, Jon Kristian Rafshol og Emil Dahle. Fremst: Ørjan Sefland. På grunn av sjukdomsforfall spelte Max Endal for begge Eid-laga på opningsdagen av Norway Cup. Foto: Privat
Heia gutar 13 år, frå venstre: Peder Hanebrekke Hildenes, Oliver Sætre, Andreas Haavik, Kevin Sørland, Trygve Myrold, Andreas Eikeset, Martin Lindvik, Ingebrigt Nes Hjelle og Ragnar Nes Hjelle. Foto: Privat