Det stadfestar samferdslesjef Dina Lefdal i fylkeskommunen, i følgje NRK Sogn og Fjordane. Lefdal seier at den verste turisttrafikken må vere over før dei går tilbake til ei ferje. Ein månad med ekstraferja «Sognefjord» kostar fylkeskommunen fire millionar kroner.