I forkant av innbyggarundersøkinga som Telemarksforsking skal gjennomføre i løpet av kommande månad, ville arbeidsgruppa halde folkemøte. Alle innbyggarar i Bryggja vil bli spurde om kva dei meiner, dette skal munne ut i ein rapport til Fylkesmannen, som vil ta ei beslutning på bakgrunn av det.

Over 200 møtte fram og viste engasjement i saka om kvar Bryggja skal ta vegen. Blir det mot Kinn, eller blir det mot Stad.

Møtet varte i tre timar. Først heldt Yngve flo frå Rokkansenteret i Bergen innlegg. Så fekk kvar av ordførarane i Vågsøy, Eid og Selje halde innlegg, før det var ei pause og innlegg og spørsmålsrunde frå publikum.

For Stad kommune

På møtet var forskar Yngve Flo frå Rokkansenteret i Bergen, frå Bryggja. Han la ikkje skjul på at han meiner Bryggja bør bli del av Stad kommune.

– Bygda får lov til sjølv å bestemme, og det finst to moglegheiter. Anten vel ein å halde fram i Vågsøy kommune, og bli del av Kinn kommune. Eller så vel ein å grensejustere, og bli med i Stad kommune. Det viktigaste er at folk i Bryggja svarar når Telemarksforsking ringer, og seier si meining.

På møtet var det høve til å stille spørsmål til ordførarane i Vågsøy, Selje og Eid.

Fleire ønsker ikkje grensejustering

Ikkje alle i Bryggja er einige i at grensene skal justerast. Viviann Midtbø tok til orde, for dei som meiner ein ikkje bør justere grensene. Ho heldt innlegg der ho også peika på at ordføraren i Flora kommune ikkje var invitert, noko ho meinte han burde vere.

– Eg meiner ikkje vi har fått klart fram kvifor vi skal ha ei grensejustering, og kva vi har å tene på det. Innlegget frå Yngve Flo har ei slagside mot Stad kommune. Eg saknar å høyre frå den andre sida, seier Midtbø.

Saka vil bli oppdatert, og du kan lese meir i avisa på tysdag.

Kristin Maurstad, ordførar i Vågsøy. Stein Robert Osdal, ordførar i Selje og Alfred Bjørlo, ordførar i Eid. Foto: Anita Ingebrigtsen
Yngve Flo, forskar på Rokkansenteret i Bergen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Viviann Midtbø, tidlegare rektor ved skulen i Bryggja. Foto: Anita Ingebrigtsen