Onsdag var Følling i Utvik for å sjå dei store øydeleggingane med eigne auge, saman med samferdsledirektør Dina Lefdal. Der møtte dei mellom andre innbyggjar Magne Sølvberg, som synte dei øydeleggingane i den flaumråka bygda.

– Eg er først og fremst glad for at liv ikkje gjekk tapt. Utvik vart forvandla ei slagmark på få timar, og eg ser at mange livsverk ligg i grus. Det er viktig for meg å møte innbyggjarane og sjå behova deira, og eg er mektig imponert over det pågangsmotet eg møter hos folk her, seier Følling. Ho roser også naudetatane og hjelpemannskapa for innsatsen etter at dei voldsame naturkreftene var i sving.

Også Olje- og energiminister Terje Søviknes og ordførar i Stryn, Sven Flo, var på besøk i Utvik onsdag.