Dette stadfestar samferdslesjef Dina Lefdal i fylkeskommunen til Fjordabladet. Tidlegare torsdag uttala Lefdal til NRK Sogn og Fjordane at at den verste turisttrafikken må vere over før dei går tilbake til ei ferje. Dette reagerer Eid-ordførar Alfred Bjørlo på.

– Eg stussar på at ei ikkje krystallklart slår fast at det skal gå to ferjer til vegen over Utvikfjellet opnar igjen, seier Bjørlo.

Ny vurdering etter turistsesongen

Dina Lefdal presiserer no til Fjordabladet at det ikkje er slik at det er bestemt at ein skal gå tilbake til ei ferje når den verste turisttrafikken er over.

– Det er vil presisere er at vi vil gjere ei ny vurdering når turistsesongen er over. Vi må då sjå an kor stor trafikken er. Det er dette som vil vere avgjerande for om vi vil halde fram med to ferjer over Lote-Anda, seier Lefdal.

Ekstraordinære kostnader

Ho stadfestar at ein månad med ekstraferja «Sognefjord» kostar fylkeskommunen fire millionar kroner.

– Det stemmer. Når det gjeld staten sitt bidrag til å dekke slike ekstraordinære kostnader, kjem vi til å ha tett kontakt med departementet. I og med at den auka trafikken over Lote-Anda er ein direkte konsekvens av at Fv. 60 over Utvikfjellet er stengt, blir desse kostnadene ein del av totalen vi vil søke økonomisk støtte frå staten til, understrekar Dina Lefdal.