Ordninga med symjeopplæring for born frå fire til seks år starta i 2015, etter initiativ frå Venstre. I 2015 vart det sett av 15 millionar kroner til formålet i budsjettforliket mellom Venstre, KrF og regjeringa. I fjor auka summen til 25 millionar og i år vart det sett av i overkant av 35 millionar. Interessa var så stor at det like før sommaren blei plussa på med fem nye millionar i revidert statsbudsjett.

Kan søkje

For Sogn og Fjordane sin del er det sett av 719 000 kroner i 2017, og det er framleis pengar igjen i potten hos Utdanningsdirektoratet. Både barnehagar, symjeklubbar og kommunar kan søkje om pengar.

Tryggare å bade

Ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Berge Stang (V), er ein av dei som no vil ta initiativet til å søkje om midlar.

– Dette legg eit godt grunnlag for symjeopplæringa borna får i skulen, og det vil gjere det tryggare for fleire å bade og ferdast på sjøen, seier Fjaler-ordføraren og legg til at mange born er i dag ikkje symjedyktige før dei når ungdomsåra.

–Med ein tidlegare start kan fleire lære å symje tidlegare.

23 000 born

Til saman vil meir enn 23 000 born få symjeopplæring gjennom ordninga i år. Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn seier han vil jobbe for endå meir midlar til ordninga.

– Eg er fornøgd med at Venstre fekk gjennomslag for midlar til symjeopplæring og at støtta no aukar. Samtidig er det framleis mange born i alderen fire til seks år som ikkje får nytte av ordninga, så målet må vere at alle i denne alderen skal få symjeopplæring på sikt.