Den ekstra ferja skal gå fram til klokka 20:45 i kveld.

Ifølge billettør Tor Henry Challen, verkar bilistane nøgde med at det er komme to ferjer over fjorden. Etter flaumen i Utvik, der to bruer i Utvik på Fv60 er øydelagde, har Fjord1 snudd seg fort. No har dei fått sett inn ei ekstra ferje i trafikk.

– Bilistane seier dei er nøgde med at det no er to ferjer på strekninga, og at det var på tide. No er det berre til å brette opp buksa og arbeide meir, seier han.

Linda og Tom Rune Søyland frå Jæren hadde eigentleg tenkt seg rundt Stryn, Loen og Utvik, men måtte gå vekk frå den planen. Dei har ferie og er på veg til Bergen.

– Det er fint at dei set inn ekstra ferje når det trengst. Eg hadde lest meg opp litt på førehand, så eg var klar over at det var to ferjer her i dag, seier Linda.

Rutetabellen for strekninga finn du på Fjord1, ved å trykke her.

«MF Sognefjord» og «MF Årdal» går skytteltrafikk over Nordfjord mellom Lote og Anda kvart 15. minutt. Det fører til kortare ventetid på begge sider. Foto: Anita Ingebrigtsen
Det er varmt og travelt å vere ferjebilletør på Lote-Anda sambandet. Tor Henry Challen har hendene fulle med å ta billettar frå alle som står i kø, før dei skal ombord i ferja. Foto: Anita Ingebrigtsen
Fulle ferjer. Også på første turen til MF Sognefjord frå Anda Foto: Anita Ingebrigtsen
Linda og Tom Rune Søyland frå Jæren hadde eigentleg tenkt seg rundt Stryn, Loen og Utvik, men måtte gå vekk frå den planen. Dei har ferie og er på veg til Bergen. Det er fint at dei set inn ekstra ferje når det trengs.
Alle dei fem køane vart fort fylt opp rundt middagstider. Foto: Anita Ingebrigtsen