– Korleis er det å spele på heimebane på Malakoff Rockfestival 2017?

– Det blir mest sannsynleg heilt topp, vi gler oss vi veldig til å spele på Malakoff Rockfestival, seier Thor Inge.

– Det kjem til å bli fantastisk, god stemning og ikkje minst er det på heimebane, stemmer Stig i.

– Det er mykje kjentfolk, og det er alltid stas å treffe dei. Så er det veldig kjekt å komme heim igjen, og så er det litt viktig å prestere, seier Karl Martin.

10 års Reunionkonsert

The School består av Thor Inge Hoddevik på lead gitar, Karl Martin Hoddevik på bass, Stig Førde Aarskog på vokal og gitar, Andreas Elvenes på brett og board, og Andreas Gulbrandsen på Trommer.

– Konserten er ei feiring av at det er 10 år sidan vi gav ut «Espionage». Vi hadde ei feiring i Trondheim og så blei vi booka hit i den anledning, seier Andreas Elvenes.

Laurdag spelar dei for publikum på Malakoff og har planen klar for korleis stemninga skal settast.

– Den første låta har eit hærleg opningsriff, så då er vi i gang. Vi smeller til med to rockelåtar, og så drar han Stig ein

vits, så tenker eg vi får sett standarden, Thor Inge Hoddevik.

Heilt fantastisk på Eid

Også Andreas Gulbrandsen synest det er fantastisk å komme tilbake til Nordfjordeid,

– Det er alltid veldig mykje trivsel når vi er på Nordfjordeid, seier Gulbrandsen.

– Alle kjem heim til Malakoff, det har blitt den nye jula, seier Thor Inge.

– Vi håpar på julerocken, at det kan bli noko av det igjen. At dette skal generere interesse, så vi kan starte opp julerocken igjen.

øver kjende låter: Fredag føremiddag, fekk Fjordabladet vere med og høyre på øvinga med The School i Gymmen. Video frå øvinga kan du sjå på Fjordabladet på Facebook.
ROCK’n ROll: Yrande liv då The School spelte for heimepublikumet på scena til Malakoff Rockfestival. Foto: Tormod Flatebø Foto: Tormod Flatebø