– Eg vil takke til alle som har bidrege til å gjere årets Malakoff-festival til tidenes største og mest vellukka arrangement i Eid – ikkje minst til festivalleiinga og alle dei 1.200 frivillige som harstilt opp, seier Bjørlo. Måndag føremiddag møtte han opp i Malakoff med takkekake til dei frivillige.

– Alle eg har snakka med desse dagane skryt hemningslaust av dei frivillige og kor blide og positive alle er. Det er dei frivillige som meir enn nokon skapar den heilt spesielle Malakoff-stemninga, fastslår ordføraren. Sjølv stilte han med rockehår under festivalen – grønt på fredag og raudt på toppen på laurdag.