Klokka 12 i dag, tysdag, blir det sett inn ei ekstra ferje på sambandet Anda-Lote. Det er «MF Sognefjord» som då kjem. Oppdatert rutetabell vil vere klar i føremiddag, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Den ekstra ferja vil gå i skytteltrafikk, og vil gå så lenge det er behov for det i dagane framover.

Natt til tysdag vart det sett inn ekstra avgangar. Det vil bli vurdert om ein skal halde fram med ekstra avgangar om natta i tida framover.

Bakgrunnen for at ein set inn ei ekstra ferje er dei enorme køane som har oppstått etter at fylkesveg 60 er stengt, på grunn av flaumen i Utvik.