Det var første festivaldøgn det var mest å gjere for politiet.

– Vi hadde eit beslag av mindre mengder narkotika på torsdag, fortel han.

Politiet reagerte også då ein ATV med hengar, der 15–20 stykk sat på, køyrde i sentrum. Her vart det gitt irettesetting og pålegg.

Fleire narkosaker

Fredag vart det oppretta sju narkosaker.

– Det er snakk om små mengder narkotika, fortel Gundersen.

Natt til fredag fekk politiet melding om ordensuro i sentrum av Nordfjordeid. Ein person vart arrestert og sett i arresten etter vald mot offentleg tenestemann. Dette skjedde litt over klokka 02.30.

Seinare på natta, nærare klokka 03.30, rykka politiet ut etter melding om vald. Ein person erkjende å ha slått til ein annan, og blir meldt for dette.

Fyllekranglar

– Vi hadde to fyllekranglar. Den eine var ein overstadig rusa person som vart køyrt heim. Vi hadde også ein som hadde utslag på hurtigtest og blei sett i drukkenskapsarresten, fortel han.

Søndag føremiddag hadde politiet ein stor promillekontroll på Nordfjordeid. Heile 400 blei kontrollerte, og ein bilførar blei tatt med for å ta blodprøve.

Jobba knallhardt

– Festivalhelga gjekk over all forventing. Vi har til dømes halvert narkotikasakene i forhold til i fjor. Vi trur at reportasjen de hadde i tysdagsavisa om at det kom til å vere narkohund på festivalen har bidratt til det, seier Gundersen.

– Narkohunden har leita og jobba knallhardt heile helga. Funna som vart gjort var torsdag og fredag, og ingenting på laurdag, fortel han.

– Vi er veldig fornøgd med korleis festivalhelga vart. Det har aldri tidlegare gått så smertefritt som i år. Det vi ser er at det ikkje skjer nokon hendingar på festivalområdet, berre på campen og i sentrum. Men dette gir oss ikkje grunn til å ligge på latsida neste år. Vi vil sjå på kva som skal til for å gjere det enda betre. Vi skal overgå dette året også, seier Gundersen.

Narkohund: Politiet sin narkohund jobba knallhardt heile helga. Det vart gjort nokre funn torsdag og fredag, ingenting på laurdag. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes