Det som skjedde var at Biffy Clayro og Alan Walker var i ferd med å ikkje greie å kome.  For Biffy Clayro sin del handla det om at bandet fekk ei utfordring då dei skulle ha utstyret sitt, til ein verdi av 50 millionar kroner, gjennom tollstasjonen på Svinesund.

– På grunn av kluss med tollpapira avlyste bandet konserten på Malakoff på sosiale medium. Dei måtte reise klokka åtte på fredag for å rekkje fram. Problemet var at kontoret dei skulle innom ikkje opna før klokka ti. Takka vere vårt gode nettverk, greidde vi å løyse problema. Utan dette nettverket, som vi har brukt mange år på å bygge opp, ville ikkje Biffy Clayro vore på Malakoff-scena fredag kveld, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til Fjordabladet.

Flyproblem

–Også Alan Walker stod i fare med å ryke. Kva var det som skjedde her?

– For Alan Walker stod det om minutt. De hadde vore tre flykanselleringar. På Gradermoen sprang han det han kunne for å rekke siste moglege fly. Han greidde å kome med, men hjelparen og bagasjen vart ståande att på flyplassen. Hadde ikkje Biffy Clayro og Alan Walker kome så er det lett å tenke kva det ville betydd for festivalen. Vi legg opp romslege tidsplanar for å unngå slike saker. Når alt kjem til alt så gjekk det bra til slut. Det er første gong vi har opplevd nok slikt som dette, og eg håper vi ikkje vil oppleve det igjen, seier Arnt-Ivar som vedgår at det var ganske sveitte tilstandar hos festival-leiinga natt til fredag.

Biffy Clayro hadde gitt opp å få med seg utstyret til Malakoff og hadde avlyst si deltaking på sosiale medium. Foto: Tormod Flatebø
Stemningsfullt i Malakoff fredag kveld. Foto: Tormod Flatebø
Alan Walker sitt show fredag kveld var magisk. Men det var så vidt artisten greidde å kome til festivalen. Det sto om minutt, seier Arnt-Ivar Naustdal. Foto: Tormod Flatebø